Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Det frivillige Skyttervesen
Forsvar, sport og god våpenkultur

LapuaCup Skånevik - 1 av 6

Nøkkelpunkter

Dato 30 - tirsdag 31. oktober 2023
Arrangør Skånevik Skyttarlag
Kart kart
Live show https://mllive.megalink.no/#!/
Kontaktperson Roar Knudsen
E-post skaanevik@skytterlag.no
Telefon 97789834
Kontaktinformasjon:

Påmeldingsfrist:

27.10 (kl. 21.00) - t.o.m 31.10.2023



Til påmelding

Innbyding LapuaCup Sesongen 2023/2024!

Alle lag i Hardanger og Voss, Sunnhordland og Hordaland Skyttarsamlag er herved invitert til å delta på årets sesong med LapuaCup på 15 meter. Målet er å få flest mogeleg av laga med, og med dette skapa eit tilbod for alle. Ikkje minst til dei som kanskje ikkje reiser rundt på stemner elles.

Slik føregår cupen: All skyting føregår på heimebane på 15 meter, det vert halde 6 kvalifiseringsrundar. Du må ha deltatt på minst 4 rundar for å stå til finale.
Skytinga føregår på vekedagar i terminfesta veker, men dersom det er hensiktsmessig for å få alle klassar med på cupen, kan fleire dagar i den aktuelle veka nyttast. Resultat frå opne stemner kan ikkje telja i cupen. Det er viktig at laga opptrer rettvis for at opplegget skal fungera.

For at resultatet skal verta teljande, må det være minst to stk tilstades.

Resultatservice/innsending
Resultat skal rapporterast inn seinast sundag i same veka det vert skote, helst så raskt som mogeleg.

Det er viktig at ALLE køyrer cupskytingane via stemnestyring (eks. Leon) og sender vedlagt .xml-fila som til vanleg vert importert til «mitt Dfs» (Resultatserviceprogrammet aksepterer kun dette).

Alle resultat skal sendast til følgjande mailadresse: lapuacup-hardangervoss@outlook.com

Skyteprogram/reglar
Det skal skytast eit 35-skots «utandørsprogram». For nybegynner ung, nybegynner vaksen, kl. 1 og KIK skal det skytast 25-skot.
Alle skal skyta i den klassen dei er kvalifisert for på innendørsskyting fom. 1. oktober 2023.
Alle skyttarar tilhøyrande dei inviterte laga kan delta. Skyttarane står fritt til å delta hjå eit av nabolaga dersom det er hensiktsmessig eller at ditt eige lag ikkje arrangerer cupen.

Alle klassar kan delta, men det er ingen finaleskyting for nybegynner ung.
Oppmodar laga til sjølv å arrangere en premieutdeling for denne klassen.

Resultat vert lagt ut på nettsida: http://www.lapuacup.skytter.bomlo.org/index.php
Facebooksida til «Lapua Cup Hardanger og Voss» oppdaterer me med resultat og nyttig info vedr. cupen. Fint om ein også kan dele bilder frå skytingane her, kvar einaste veka

Du finn også cupen på Instagram.

Finale:
Detaljert info og program for finalen kjem når det nermar seg.
Finalen består av eit 25-skots program, der dei beste går vidare til ein "superfinale".
Finalen blir arrangert med "brask og bram".

Innskot: (eingongssum)
1-5, NV, veteran og KIK: 300,-
NU, R,ER, J og EJ: 150,-
Innbetaling lagvis til følgjande konto innan 10. desember 2023 (etter 3. runde): 3530.32.57002.

Merk innbetalinga «LapuaCup 2023-24».

Premiering: (innleiande)
For å stå til premie, og til finale, må ein ha delteke på 4 av dei 6 innleiande rundane. Premiering vert berekna ut ifrå sluttlistene i dei ulike klassane.
Nybegynner ung: Alle får gjenstandspremie
R/ER/J/EJ: ½ får premie
1-5, NV, Veteran og KIK: 1/3 får premie

Rangeringsreglar:
Ved poenglikheit ifm. premiering og finaleskive vert det rangert etter innertiarregelen. Dersom en fortsatt er lik, vert den med det beste enkeltresultatet vinnar.

Terminfesta cup-veker:
1. runde: Veke 44 (30.10.23 - 05.11.23)
2. runde: Veke 46 (13.11.23 – 19.11.23)
3. runde: Veke 49 (04.12.23 – 10.12.23)
4. runde: Veke 50 (11.12.23 – 17.12.23)
5. runde: Veke 1 (01.01.23 – 07.01.23)
6. runde: Veke 2 (08.01.23 – 14.01.23)

Merk:
Mellom runde 2 og 3 er det 3 veker,
mellom runde 3 og 4, og runde 5 og 6 er det 1 veke.


Finale: Miniatyrbanen i Vangdalsåsen er planlagt lørdag 20 januar 2024. (Med forbehold om endringer)
Antall påmeldte
Klasse Påmeldte
Kommende arrangementer
Dato Arrangement
14. november 2023 LapuaCup Skånevik - 2 av 6 Inne - ikke kl.sett
5. desember 2023 LapuaCup Skånevik - 3 av 6 Inne - ikke kl.sett
13. desember 2023 LapuaCup Skånevik - 4 av 6 Inne - ikke kl.sett