Os skyttarlag vil på
vegne av Hordaland skyttarsamlag invitere til Samlagsstemne bane 22. og 23.
august 2026 på Os skytesenter.
Innleiande skyting laurdag.
Lagskyting og finalar søndag. Påmelding dfs frå 12. juli 2026.
Skyttarar frå
arrangørlaget skyt innleiande skyting torsdag. Dersom det er ledig kapasitet,
kan skyttarar frå andre lag delta torsdag. Arrangørlaget
sine NU skyt tysdag, her er det ikkje moglegheit for andre å delta.
Baneinformasjon
14 megalink skiver på 200m.
12 megalink skiver på 100m.
Stang og felthurtig: Os skyttarlag håper å få på plass stang og felthurtig med
elektronisk anvisning lørdag mellom klokken 11:00 og 15:00
Dersom
stang/felthurtig blir avholdt informerast dette på nettsidene til Os skyttarlag
snarast mogleg og ved oppslag på Ulven laurdag 22.august.
Skyteprogram
DFS sitt Meisterskapsprogram Bane, jfr.
Skytterboka 11.250, og evt Stang og felthurtigskyting.
Det vert arrangert eigen lagskyting. Alle
lag kan melde på fritt antal lag til lagskyting. Klasse EJ kan ikkje skyte
lagskyting både for senior og ungdom. Dei kan kun delta på 1 lagskyting.
Lagskyting Senior: Vert gjennomført på 200/300m. 3 skyttarar på kvart lag. Program:
10 skot grunnlag skytetid 3 min
Lagskyting Ungdom: Vert gjennomført på 100m Kvart lag består av 2 skyttarar. 1 R/ER
og 1 J/EJ Program: 10 skot grunnlag, skytetid 4 min.
Lagskyting Vetaran: Vert gjennomført på 100m
Kvart lag består av 2 skyttarar. 1 V65/V73 og 1 V55 Program: 10 skot
grunnlag, skytetid 4 min.
Veibeskrivelse
Lyseklostervegen 60
Diverse
Det vert servering i
skyttarhuset med sal av Vaffel, hotdog, kaffi, brus etc.