Skyttarhuset i Vangdalsåsen, slik det tar seg ut ved ankomst anlegget.
Hardanger skyttarlag er ei samanslåing av dei tidligare skyttarlaga Fyksesund, Norheimsund & Øystese, Tørvikbygd og Strandebarm.
Samanslåinga har verknad frå 1.januar 2018.
Hovudarenaen til Hardanger skyttarlag er å finna i Vangdalsåsen. Ta av mot Heradstveit ved Eika i Tørvikbygd, Vangdalsåsen skytesenter ligg omlag 3km frå hovudvegen (riksvei 49).
Laget har også miniatyrskytebanar i Steinsdalen (Dalatun), Strandebarm, ved Strandebarm idrettspark og på Fykse.