Me startar no opp med treningar for ungdommar og SK skyttarar på onsdag kveldane. I haust ynskjer ungdomsutvalet å dela gruppa i to. NU-skyttarar (og andre som skyt med støtte) har treningstid frå 18.00 til 19.30. Skyttarar som skyt med reim trenar frå 19.30 til 21.00. Påmelding i mittDFS. Me har 6 skiver, slik at skyttarane byter på å skyta om det er fleire. Dei som ikkje skyt vil få anna opplegg. Det kan vera teori, tørrtrening eller spela kort og liknande. Om det ikkje let seg gjera å delta på tidspunktet for din klasse er det mogeleg å vera med på den andre, men treninga vert tilpassa til dei ulike målgruppene. Me prøver dette ut oktober og evaluerar undervegs.
Skyteprogram
Trening med fokus på nullpunkt