Me startar no opp med treningar for ungdommar og SK skyttarar på onsdag kveldane. I haust ynskjer ungdomsutvalet å dela gruppa i to. NU-skyttarar som skyt med støtte har treningstid frå 18.00 til 19.30. Skyttarar som skyt med reim trenar frå 19.30 til 21.00. Påmelding i mittDFS. Me har 6 skiver, slik at skyttarane byter på å skyta om det er fleire. Dei som ikkje skyt vil få anna opplegg. Det kan vera teori, tørrtrening eller spela kort og liknande. Om det ikkje let seg gjera å delta på tidspunktet for din klasse er det mogeleg å vera med på den andre, men treninga vert tilpassa til dei ulike målgruppene. Me prøver dette ut oktober og gjer ei evaluering undervegs.
Skyteprogram
Trening med fokus på pusting og avtrekk.