Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Det frivillige Skyttervesen
Forsvar, sport og god våpenkultur

Samlagsstemne Felt H&V

Nøkkelpunkter

Dato 26. mars 2022
Arrangør Voss Skyttarlag
Kart kart
Kontaktperson
E-post
Telefon 90621092
Kontaktinformasjon:

Påmeldingsfrist:

27.02 (kl. 21.00) - t.o.m 18.03.2022



Til påmelding

Voss Skyttarlag og Borstrondi Skyttarlag ynskjer skyttarar frå Hardanger og Voss Skyttarsamlag velkomne til Samlagsstemna i Feltskyting laurdag 26. mars på Skjerve Skytebane. 

Baneinformasjon

Finfelt og grovfelt vil halde til på øvrebanen der det hausten 2021 har vore laga nye standplassar og kulefang til feltskytinga på LS 2023. Så her har ein sjansen å prøveskyte fleire hald før LS. Stangskyting vert på elektroniske skiver frå 200m standplass, og felthurtig rett etter siste standplass grovfelt på øvrebanen.  

Skyteprogram

Program: 30 skot innleiande skyting for alle klassar. Stang og felthurtigskyting for dei som ynskjer det. Til slutt 12 skot finale for kvalifiserte skyttarar. Nærare tidstabell og meir informasjon kjem saman med skytetidene. 

Lagskyting: for klassane R/ER/J (3 skyttarar pr lag og minst ein J) 2-5/V55/EJ (3 skyttarar pr lag) og V65/V73 (2 skyttarar pr lag) Påmelding før skyttarane skyt innleiande skyting.

Diverse

Påmelding: Enkel påmelding på "Mitt DFS" frå 1. til 18. Mars. Utsending av skytetider so snart som råd etter fristen har gått ut og alle førehandpåmeldingane er betalt. 

Innskot: Klasse 1-5 og Veteran-klassar kr 160, kr 80 arr.avg og kr 80 premie. R, ER, J, EJ og NV kr 100, kr 50 arr.avg og kr 50 premie. NU kr 100, kr 100 til premie. Stang og Felthurtig kr 50 pr øving. Lagskyting kr 100 pr lag. 

Førehandsbetaling av arrangement avgift skal betalast inn til Voss Skyttarlag sin konto 9581.10.35123 innan måndag 21. mars. Fyll ut og returner vedlagt skjema. 

Det vert kafe i Skyttarhuset under stemna. 

Bruk skjema under for innbetaling av førehandspåmelding og gåvepremie-pengar, eventuelt verdi av gjenstandspremie. Frist 21.03.22. Hugs gåvepremieplikta for alle lag
Antall påmeldte
Klasse Påmeldte
Kommende arrangementer
Dato Arrangement
2. april 2022 Lagsmeisterskap finfelt Felt
23. april 2022 Krinsstemna grovfelt Felt
23 - onsdag 27. april 2022 Lagsmeisterskap felt Felt