Voss Skyttarlag ynskjer skyttarar frå Hardanger og Voss Skyttarsamlag velkomne til Samlagsstemna i Feltskyting laurdag 29. mars på Skjerve Skytebane.
Baneinformasjon
Finfelt og grovfelt vil halde til på øvrebanen som vart nytta til feltskytinga på LS 2023 og Hordastemna 2024. Det vert kjende avstandar. Stang-skyting vert på elektroniske skiver frå 200m standplass, og felthurtig rett etter siste standplass grovfelt på øvrebanen.
Skyteprogram
30 skot innleiande skyting for alle klassar. Stang og felthurtigskyting for dei som ynskjer det. Til slutt 12 skot finale for kvalifiserte skyttarar. Nærare tidstabell og meir informasjon kjem saman med skytetidene.
Lagskyting: Det vert to lagskytingar, ein for finfelt og ein for grovfelt. Skyttarlaga kan stilla med to lag i kvar lagskyting.
Finfelt: Kvart lag består av 2 skyttarar, det er resultat frå 30-skoten som gjeld. Laga kan bestå av alle som skyt finfelt (unntatt NU og Jeger)
Grovfelt: Kvart lag består av 2 skyttarar, det er resultat frå 30-skoten som gjeld. Laga består av: 1 liggjskyttar (1-KIK) 1 kneskyttar (2-3-4-5-V55-EJ) Det er lov å stilla med to kneskyttarar, men ikkje to liggskyttarar.
Laget skal vera påmeld før første skyttar går på standplass.
Diverse
Det vert kafe i Skyttarhuset under stemna.