Hjarteleg velkommen til ei kveldsstund i Skyttarhuset ved Skjerve Skytebane!
Oppstart kl 18.00
Tema for kvelden er feltskyting.
Det vert ei teoriøkt spesielt retta mot deg som har lyst til å prøva feltskyting for fyrste gong. Me oppmodar spesielt ungdommane og de som ellers er nybegynnarar til å komma.
Me går igjennom:
- korleis ein gjennomfører denne skyteøvelsen
- dei ulike feltfigurane
- siktepunkt på dei ulike feltfigurane
- vindvurdering
Me håpar også dei av dekan som er godt drevne med feltskyting også melder seg på, de har mykje kunnskap som kan delast med dei andre.
Det vert eit matøkt og sosialstund etterpå. På menyen er Taco.
Meld deg på slik som du pleier til trening og stevner her i mitt DFS, då har me god oversikt på antall påmeldte og kven som kjem.
Me gler oss og håpar sjølvsagt på stort oppmøte!
Vel møtt