Granvin
Skyttarlag og Voss Skyttarlag har gleda av å by inn skyttarar til opne
banestemner fredag 30 juni og laurdag 1.juli. Stemnene føregår samstundes med
avslutninga av Ekstremsportveko, so her kan ein kombinera skyting med å sjå på
ekstremsport eller få med seg konsertar i festivalteltet. For meir info sjå ekstremsportveko.com
Arrangørlaga
vil skyta hjå kvarandrepå Voss onsdag
28/6, og i Granvin torsdag 29/6. Da vil vera høve for andre å delta desse
kveldane.
Baneinformasjon
Voss Skyttarlag vil arrangera Jon Istad’s Minnestemna på banen sin på Skjerve.
Skyteprogram
35 skot meisterskapsprogram, 25 skot for NU, NV Jeger og kl 1
Diverse
Pengepremieetter skyteboka i alle klassar. Gjenstandspremie i kl NU.
Klasse skyt 3-5 om ein vandrepokal på meisterskapen, Jon
Istad’s minnepokal. Da skal skytast om pokalen i 10 år. Dette er 5. året det vert skote om pokalen. Den av dei som har napp i pokalen, og mest poeng på 7 av dei 10 åra vinn pokalen til odel og eiga. Tidlegare vinnarar: 2013 Liv Sollesnes, 2014 Elisabeth Skudalsnes, 2015 Audun Kvandal og 2016 Dag Skår.
Klassemedaljar i R, ER, J og EJ med 3 deltakarar og sylv og bronse over 10 deltakarar. Klasse 3-5, gylt medalje til vinnar og sylv medalje ved meir enn 30 deltakarar. Klasse 1, 2 og Veteran-klassane, klassemedalje ved 5 eller fleire deltakarar pr. klasse.