Hardanger skyttarlag, som frå årsskiftet er ein samanslutning av 4 skyttarlag i Kvam, deriblant Tørvikbygd skl, ynskjer skyttarar frå fjern og nær velkomne til
det årvisse 1. Mai-stemnet i Hardanger.
Jondal skl arangerer stemne samstundes, reisetid inkl ferje ca 45 min.
Dette året kan me tilby flunkande ny skytearena, med god plass til skyttarane og lekre publikumsfasilitetar.
Denne arenaen skal også nyttast til årets Hordastemne (LDKS), så kom og prøv!
I tillegg til sjølve stemnedagen 1. mai, vert det sett op nokre lag på ettermiddag/kveld 30. april.
Innskot: 1-5 og vet: kr 150 (75/75), Ungdom og NV: kr 80 (35/45), NU: kr 80(alt til pr.)
Premiering: 3-5: Gylt med. til vinnar av stemnet, sølv med til nr 2 og 3. Klassemedaljar til kl 3 og 4 dersom desse ikkje er blant dei 3 beste på stemnet.
Vandrepokal på 35-skot kl 3-5, denne er ein fortsettelse av pokal på tidlegare Norheimsundstemne.
Klassemedaljer i alle andre klassar, unntatt NU/NV, ved min 5 deltakarar.
Elles premiering iflg skyttarboka.
Baneinformasjon
Heilt ny bane.
Skyteretning: NØ
Skiver 100m: 16 stk Kongsberg
Skiver 200m: 20 stk Kongsberg
Skyteprogram
35-skot meisterskapsprogram for alle klassar unntatt kl 1, NU, NV som skyt 25-skot.
Veibeskrivelse
Avkjørsle frå FV 49:
Fv 49 frå Norheimsund: 11,3 km
Fv 49 frå Tørvikbygd ferjekai: 1,2 km
.
Sving av frå FV 49 der den gamle eika deler vegbanen, og kjør 1,6 km mot Heradstveit. Ta så av mot høgre og kjør 1,6 km på ny grusveg. Då er du sannsynlegvis framme..!
.
Det vert skilta veg frå avkjøring FV 49 til skytebanen.