Borstrondi skyttalag ynskjer alle velkomne til 5. stevne runde 2 i Norgescup i felthurtig og stang.
Me håpar mange vil ta turen til vår skytebane i Åsbrekke. Du kan få oppleve actionfylt skyting, spektakulær natur og god stemning på ein av Vestlandet sin mest kompakte og intime skytearena.
Baneinformasjon
Borstrondi skyttarlag har permanente hald for stang og felthurtig.
Felthurtig: 2 skiver pr hald. Kongsberg duell (nye hald og skiver hausten -22).
Stang:2 skiver korthald stang og 2 skiver langhald stang (Kongsberg).
Langhald stang har hatt kraftig stigning. Haldet er senka over 1 meter vår -23.
Felthurtig vert skote frå 100m standplass (dekka med gode matter og kunstgras)
Stang vert skote frå 200m standplass (vanleg standplassmatte).
Skyteprogram
Skyteprpogram etter NC-reglement:
Felthurtig: Inntil 3 forsøk.
Stang: 1 forsøk.
Planlagt tidsforbruk: Felth: 2 skyttarar samstundes: 10 min. Stang: 2 skyttarar samstundes: Mindre enn 10 min. Totalt må ein rekne ca 20 min på gjennomføring begge øvingane på 1 stevne.
Skyterekkefølgje: 1: Felthurtig. 2: Stang.
Avstandar vert publisert i førekant av stemnet og på arena.
Veibeskrivelse
Åsbrekke skytebane ligg tett på hovudvegen E16. 14 km frå Voss Sentrum. 1,8 km etter Tvindefossen/Tvinde Camping (køyreretning frå Voss)
Skytebane/parkering er skilta.
OBS: Parkeringsplasen er liten. Det vert ikkje høve til å parkerer med campingvogn.
Ca 100m gangsti frå parkeringsplass til skytebane.
Diverse
Det vert lagt opp til at skyttarane kan gjennomføre stevne 4 og 5 i løpet av kort tid.
Felthurtig (stevne 4) - Stang (stevne 4) -kort pause-Felthurtig (stevne 5) - Stang (stevne 5). Dette må deltakarane sjølve planlegge ved påmelding i Mitt DFS (hugs 20 min gjennomføringstid 1 stevne).
Ved påmelding på¨bana, kan me ikkje garanterer gjennomføring av 2 stevner i løpet av kort tid.