Kjære ungdomsskyttarar i Hardanger og Voss
Hardanger og Voss skyttarsamlag inviterer med dette til ungdomssamling ved Hardanger
skyttarlag sitt baneanlegg i Vangdalsåsen.
Samlinga vil gå av stabelen 17. og 18. oktober, og det er planlagt for overnatting for dei som
ynskjer dette. Ta med eige madrass og sovepose/dyne
Me startar kl: 18:00 på fredag, og avsluttar ca. kl: 16:00 på laurdag.
Samlinga er open for skyttarar i ungdomsklassane: Rekrutt, Eldre rekrutt, Junior og Eldre
junior. Sidan utandørssesongen er avslutta, vil vi nytta kaliber .22 på 15 meter. Dette betyr at
skyttarane kan nytta egne våpen, medan samlaget ordnar med ammunisjon.
Skyteprogram
Det vil bli instruksjon for skyttarar i alle klassar og i alle relevante skytestillingar. I tillegg
ynskjer me å ha ein felles del, der me pratar litt om førebuing, motivasjon, og korleis ein kan
jobba med denne.
Diverse
Vi håpar at de har lyst til å vera med oss på denne samlinga. Dette er ei flott moglegheit for
utvikling av det skytetekniske, men også for å styrka den sosiale delen av skyttarsporten. Her
kan ein og bli betre kjent på tvers av skyttarlaga i samlaget.
Har du spørsmål ang samlinga, overnattinga eller noko mat-allergi som me skal ta hensyn til,
kan du ta kontakt med Ungdomsleiar Morten Helgaset, på telefon: 90 95 66 63
Me gler oss til å sjå dykk, og til ei lærerik og sosial helg!
Med venleg helsing,
Hardanger og Voss skyttarsamlag