Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hornindal og Markane skyttarlag
I Nordfjord

Olsokstemnet 2019

Trine Ramsvik Stette frå Engesetdal / Skodje vann årets Olsokstemne. (Foto: Fjordingen)

Trine Ramsvik Stette frå Engesetdal / Skodje vann årets Olsokstemne. Med serien 50-50-49-94-150 slutta ho på 393 poeng. Nr. 2 vart Bjarne Muri frå Oslo Østre. Han fekk også 393 p, men med færre tiarar vart han rangert bak. På 3. plass kom Anita Jære Rennebu, med 390 poeng og 16 innertiarar. Nøyaktig same resultat som i fjor. Då vart det delt andreplass. Ivar Fivelstad, Sunnylven kom på fjerdeplass med 389 p
Trine Ramsvik Stette vann også Einar Øen’s minnepremie på Olsokskytinga med 150 poeng.(8 innertiarar). FANTASTISK skyting.

Det vart vist mykje god skyting også i dei aldersbestemte klassane. I klasse V73 var det tre skyttarar som skaut 350 poeng. Best var Noralf Giske Engesetdal/Skodje 25 innertreff.

Engesetdal/Skodje skyttarlag fekk første napp i den nye Olsokpokalen som er oppsett i år.

For klassevinnarar og meir informasjon, sjå oppsummering samt resultatlister.