Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hornindal og Markane skyttarlag
I Nordfjord

Olsokstemne 2010

Bjarne Muri, Oslo Østre, vann sitt andre Olsokstemne med 391 poeng på 40-skoten. På dei neste plassane kom Reidun Kristin Knapstad, Elverum, og Ole Arild Aa, Hyen begge med 389 poeng og sølvmedaljer.

Bjarne Muri vann også Einar Øen´s minnepremie på den spesielle Olsokskytinga med 148 poeng, eitt poeng føre Anita Lystad frå Hovdebygda og Ørsta.
Hyen tok ein ny siger i lagskytinga om Olsokpokalen med 428 poeng, 2 poeng føre Sunnylven.  

På 100 meteren vann Jørgen Skivenesvåg frå Hyllestad klasse junior med 350 poeng. I klasse eldre rekrutt vart det siger til Tor Øystein Hoddevik, Syvde, føre Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven, begge med 350 poeng. I klasse rekrutt vann Regine Nesheim frå Eidsbygda med 349 poeng.

I veteranklassane vart det siger til Svein Hoem frå Stryn i kl V55 med 388 poeng. I klasse V65 vart Bård Øye frå Sunnylven best med 350 poeng. Harald Stormyr frå Rakvåg var bestemann i kl V73, også han med 350 poeng. Det deltok 218 skyttarar på stemnet.