Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hornindal og Markane skyttarlag
I Nordfjord

Olsokstemne 2004

Erling Melvær

Erling Melvær frå Florø vart vinnar av Olsokstemnet i Markane, som i år feira 75 års jubileum. Han sikra seg meisterskapet og gylt medalje med 392 poeng.
På dei neste plassane kom Karl Tore Gjengstø frå Ålesund med 391 poeng og Eirik Reksten frå Nordbygda med 390 poeng. Begge desse fekk sølv medalje.
Den spesielle Olsokskytinga vart vunne av Karl Tore Gjengstø frå Ålesund med fantastiske 150 poeng av 150 mulege, og han sikra seg dermed Einar Øens minnepremie. Gjengstø sletta samtidig Ove Sunde sin tidlegare rekord frå 1986 på 149 poeng.
Tilsaman 216 skyttarar deltok på årets jubileumsstemne.