Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hornindal og Markane skyttarlag
I Nordfjord

Olsokstemne 2018

Oppsummering frå Olsokstemnet 2018 er lagt ut her.

Bjarne Muri frå Oslo Østre vann årets Olsokstemne. Med serien 50-48-49-100-143 slutta Muri på 390 poeng. Han vart rangert føre Odd Sverre Håkenstad frå Lesja og Anita Jære Rennebu, begge med 390 poeng og 16 innertiarar. Dei delte dermed andreplassen. Johanna Reksten frå Nordbygda og Rand skyttarlag kom på fjerdeplass med 389 poeng. Arve Halsteinslid, Haugen, vann Einar Øen's minnepremie på Olsokskytinga med 148 poeng.  

Det vart vist svært mykje god skyting også i dei aldersbestemte klassane. I klasse ER var det heile fire skyttarar som skaut 350 poeng. Best var Ola-Johan Dybvik, Langevåg, med 30 innertreff. Hyen skyttarlag fekk Olsokpokalen til odel og eige etter svært jamn konkurranse med Lom og Skjåk. Til slutt var det berre ein innertiar som skilde laga. 

Sjå vedlagte filer for fullstendige resultat og vinnarar av alle klassar.