Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hornindal og Markane skyttarlag
I Nordfjord

Vil du bli medlem i skyttarlaget?

 

Ynskjer du å bli medlem i Hornindal og Markane skyttarlag?

For å vere sikker på at vi får registrert din innmelding korrekt ynskjer vi at du sender ein e-post til oss med innmeldingsinfo.

Send ein e-post til hornindal-markane@skytterlag.no

For korrekt registrering treng vi: Namn, adresse, e-post, fødselsdato (dato + år).

Kontigent for dei under 16 år er kr. 100,- per år.

Dei som er 16 år og eldre betaler kr. 400,- per år.

Familiemedlemskap: Kontakt oss pr e-post for familiemedlemskap. Hovudregel er 400,- for hovudmedlem og 100,- for familiemedlemmar. Minimum ein familiemedlem under 16år.

Ikkje medlem:

Prisen for jaktprøve er kr 700,- inkludert trening.

Pris for jaktprøve med fleire våpen, kr 200 pr våpen.

 

Medlemsrettar- og plikter

Medlemane i laget har både rettar og plikter:
 
Rettar:
- Gratis bruk av skytebana på oppsette treningstider
- Gratis bruk av miniatyrskytebana (Hornindal skytehall)
- Subsidiar (sjå eige avsnitt)
- Gratis jaktprøve til alle medlemar
- Har stemmerett på årsmøte, og er såleis med å bestemmer aktiviteten i laget
 
Plikter:
- Lagets medlemar skal stille opp på arrangement i regi av laget, når dei vert sette opp
- Medlemane pliktar også å stille opp på interne tiltak, til dømes bingo og treningskveldar, når dei vert sette opp

Subsidiar
Sjå årsmøtevedtak.