Odd Sverre Håkenstad, Lesja skyttarlag. Vinnar 40skot meisterskap Olsokstemne 2015
Odd Sverre Håkenstad (gylt medalje + krus) frå Lesja vann årets Olsokstemne. Med serien 49-49-50-98-146 slutta Håkenstad på 392(20*)poeng.
På andre plass kom Tor Gaute Jøingsli (sølv medalje + krus), Lom og Skjåk, med 392(14*)poeng.
Tredje plass til Ivar Fivelstad (sølv medalje) frå Sunnylven med 391(18*)poeng. Fjerde plass til Bertel Oddne Mjellem (sølv medalje) frå Hyen. Ivar Fivelstad, Sunnylven, vann Einar Øen’s minnepremie på Olsokskytinga med 148poeng.
Det vart levert mykje god skyting i dei aldersbestemte klassane. Håvard Tynes, ER, Sykkylven, oppnådde 350(32*)poeng.
Vinnarar av dei aldersbestemte klassane vart:
Rekrutt: Erlend E. Årskaug, Oppedal/Brekke 344p sølv medalje
Eldre rekrutt: Håvard Tynes, Sykkylven 350p sølv medalje
Junior: Christine E. Tennfjord, Engesetdal/Skodje 349p sølv medalje
Kl.1: Leon Sindre Lillehamre, Fiskå 393p sølv medalje
Kl.2: Alf Roger Muldsvor, Hornindal og Markane 388p sølv medalje
V55: Leiv Reksten, Nordbygda og Rand 397p sølv medalje
V65: Kåre Olav Skår, Vadheim 349p sølv medalje
V73: Noralf Giske, Engesetdal/Skodje 349p sølv medalje
I lagskyting om Olsokpokalen (2014-2018) deltok i år 9lag. Hyen 1 med 433 (Hallvard Sindre minnemedalje, gylt) vann, nr to vart Lom og Skjåk med 432 (Hallvard Sindre minnemedalje, sølv) og nr tre vart Engesetdal/Skodje med 426 (Hallvard Sindre minnemedalje, bronse).
Det deltok 225skyttarar på årets Olsokstemne.