Bernt Tore Inderøy frå Hyllestad vann årets Olsokstemne. Med serien 50-48-49-99-146 slutta Inderøy på 392 poeng, På sølvplass kom Ole Magnus Bakken frå Løiten med 390 poeng. Siste medalje kl 3-5 gjekk til Ivar Fivelstad frå Sunnylven med 389 poeng.
Bernt Tore Inderøy vann også Einar Øen’s minnepremie på Olsokskytinga med 146 p.
I kl V55 vann Svein Hoem, Stryn, 389 poeng.
På 100 meterskaut Håkon Sætre frå Haugen i klasse eldre rekrutt fullt hus med 350 poeng. Fullt hus hadde også Erling Haugland frå Fana i klasse V65.
Hyen vann lagskytinga om Olsokpokalen med 426 poeng, 3 poeng føre Engesetdal/Skodje.
Det deltok 241 skyttarar på stemnet.