Ole Arild Aa (t.h) frå Hyen gjekk til topps på Olsokstemnet med 391 poeng. Han vart rangert føre Eivind Rørhuus-Øie frå Oslo Østre. Tor Gaute Jøingsli frå Lom og Skjåk vart nr.3 med 390 poeng.
Bertel Oddne Mjellem (t.v) frå Hyen vann den spesielle Olsokskytinga med 149 poeng, føre Tor Gaute Jøingsli med 148 poeng.
Svein Hoem frå Stryn vann klasse V55 med 391 poeng.
På 100-meteren skaut fire av klassevinnarane maksimale 350 poeng. Det var junioren Eirik Folldal frå Hovdebygda og Ørsta, Håkon Sætre frå Haugen i klasse rekrutt, Lars Haugnes frå Florø i eldre rekrutt og Peder Holme frå Hyen i klasse V65.