Flåbygd skyttarlag vart stifta på 1860-talet og er såleis eit av dei eldste i Telemark. Skytesporten har i periodar hatt stor oppslutning i denne bygda heilt vest i Nome kommune; i mange av bustadane var det ein aktiv skyttar, og mange har hevda seg godt på samlagsnivå. I dag er det jegerar som dominerar medlemsmassa som er på rundt 80 personar.
Fyst i 1946 fekk laget sin eigen skytebane; den vart bygd på vestenden av Nesmoen mot Grasfjell. Det var skytehold på 100, 300 og 600 m. Det lengste holdet vart lagt ned tidleg på 50-talet.
I 1913 bygde skyttarlaget eit lagshus, "Salen", i samarbeid med ungdomslaget og idrettslaget. Huset vart bygd på Røymålsjorda på sørsida av vassdraget og der det ofte vart arrangera skytestevner på den tida. På 80-talet vart huset flytta til skytebanen på Nesmoen, og det vart utvida og modernisera. Huset vert og nytta av bygdefolket til ulike tilstelningar.
Se også fb-sida vår:
https://www.facebook.com/groups/574654192719091/
Skytebanen:
Banen har i dag eit hold i bruk; 100 m. Anvisargrava har plass til 5 heilskiver. Laget har tre elektroniske skiver av fabrikat Megalink. Banen er vestvendt. Standplassen er overbygd.