Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Det frivillige Skyttervesen
Forsvar, sport og god våpenkultur

Flåbygd Skyttarlag

Flåbygd skyttarlag vart stifta på 1860-talet og er såleis eit av dei eldste i Telemark. Skytesporten har i periodar hatt stor oppslutning i denne bygda heilt vest i Nome kommune; i mange av bustadane var det ein aktiv skyttar, og mange har hevda seg godt på samlagsnivå. I dag er det jegerar som dominerar medlemsmassa som er på rundt 80 personar.

Fyst i 1946 fekk laget sin eigen skytebane; den vart bygd på vestenden av Nesmoen mot Grasfjell. Det var skytehold på 100, 300 og 600 m. Det lengste holdet vart lagt ned tidleg på 50-talet.

I 1913 bygde skyttarlaget eit lagshus, "Salen", i samarbeid med ungdomslaget og idrettslaget. Huset vart bygd på Røymålsjorda på sørsida av vassdraget og der det ofte vart arrangera skytestevner på den tida. På 80-talet vart huset flytta til skytebanen på Nesmoen, og det vart utvida og modernisera. Huset vert og nytta av bygdefolket til ulike tilstelningar. 

Se også fb-sida vår:

https://www.facebook.com/groups/574654192719091/

Skytebanen:

Banen har i dag eit hold i bruk; 100 m. Anvisargrava har plass til 5 heilskiver. Laget har tre elektroniske skiver av fabrikat Megalink. Banen er vestvendt. Standplassen er overbygd.

Kommende arrangementer
Dato Arrangement
26. juni 2024 Storviltprøver - Bane
3. august 2024 Dugleikskyting - Bane
3. august 2024 Skytingens dag - Bane
28. desember 2024 Årsmøte Kurs/Møter
28. desember 2024 "Juleskytinga" Felt
Arrangementer siste år
Dato Stevne
12. august 2023 Dugleikskyting Resultater (2)

Flåbygd

Kontaktinformasjon

Leder skytterlaget
Hans Kristian Hindrum Tveit
Skytterlagets adresse
v/ Hans Kristian Hindrum Tveit
Flåbygdvegen 950
3825 LUNDE
Mobil
94050405
Bankkonto (premie)
26102645137
Bankkonto (drift)
26656837348
Org. nr
998246466
Innmelding
Bli medlem