Begrensa skytetrening på Løkemyra skytebane.
Vi prøver med ei begrensa skytetrening på bana.
Kvar enkelt skyttar er ansvarleg for å fylle krav for hindring av smittespredning, hold avstand, vask hender o.l.
Skyttarlaget kan ikkje låne ut noko utstyr som våpen, hørselvern, hanskar eller andre ting.
Kvar enkelt skyttar må ha med eie liggeunderlag og andre ting han treng.
Det er maks 4 skyttarar pr. lag som får tildelt 30 minutt til klargjering, skyting og rydding etter seg på standplass.
Dette for at flest mogleg skal få skyte i løpet av ein kveld.