Moltustranda og Larsnes skyttarlag ynskjer alle skyttarar i Søre Sunnmøre Skyttarsamlag velkommen til midtvekesamling bane tysdag 07.05.2019 på Løkemyra skytebane.
Stemnet er eit lavterskel stemnetilbod fortrinnsvis til nye skyttarar i alle aldrar.
I utgangspunktet er det tenkt at all skyting skal foregå på 100 meter og at skyttarane skal skyte eit 25 skot program for den klassa dei høyrer til.
Alle aktive skyttarar i samlaget kan delta på stemnet.
Det er gratis påmelding og premieringa er DFS sitt "Skyttermerke" som blir gitt til skyttarar som fyrste gong oppnår 200, 210, 220, 230, 240, 245 eller 250 poeng.