Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Det frivillige Skyttervesen
Forsvar, sport og god våpenkultur

Vintertreffen 2023 - Nesse

Nøkkelpunkter

Dato 4 - søndag 8. januar 2023
Arrangør Nesse Skyttarlag
Kart kart
Live show http://nesseskytterlag.com
Kontaktperson Helge Bakke
E-post helge.bakke@sogn.no
Telefon 95062928
Kontaktinformasjon:

Helge Bakke, tlf 950 74 294

Ingvar Linde tlf. 950 62 928

Påmeldingsfrist:

11.12 (kl. 21.00) - t.o.m 04.01.2023



Til påmelding

Nesse, Balestrand og Fjordane skyttarlag ynskjer velkomen til Vintertreffen 2023. Etter 2 år med avlyste stemner ser me no fram til å få avvikla den tradisjonsrike trippelstemna vår. Nytt av året er at Balestrand er komen inn som arrangør, og stemna er med det blitt noko meir kompakt. Som tidlegare år vert det fortløpande laga samanlagtlister. Desse vert å finna på Nesse skyttarlag sine heimesider nesseskytterlag.com. Pengepremiering og medaljer på kvart stemne. I tillegg lokalprodusert gjenstandspremie til samanlagtvinnar Klasse 3-5/EJ, og i kvar klasse med meir enn 5 deltakarar over alle 3 stemnene. Arrangørlaga skyt i forkant av stemna, med begrensa plass for andre. Ta kontakt for eventuell avtale. I tillegg påmelding på ledige plassar på stemnedagane.

Baneinformasjon

Nesse skyttarlag si miniatyrbane ligg i Nesse Oppvekstsenter.  6 stk. skiver frå Megalink.

Sekreteriat, livevisning og resultatservice i romsleg forsamlingslokale

Det er Kiosk sal

Skyteprogram

Det skal skytast 35-skot utendørs program, med fortløpande finale. Klasse NU, NV, Kl 1 og Kikkertklassen skyt ikkje finale.

Innskot 
Klasse 1-5, Veteran og Kikkert: kr 160,- (kr 80,- i arrangøravgift)
NU, R, ER, J, EJ og NV: kr 80,- (kr 40,- i arrangøravgift)
 
Premiering på kvart stemne:
Innleiande skyting: 
Pengepremiering i høve til skytterboka i alle klassar, med unntak av gjenstandpremie i klasse NU.
35 skot: 
Medaljer etter dette oppsettet:
Klasse 3-5: 2 medaljer
Klasse R, ER, J og EJ: 1 medalje. Ved meir enn 5 deltakarar - 2 medaljer. Ved meir enn 15 deltakarar - 3 medaljer
Øvrige klassar: 1 medalje med meir enn 5 deltakarar.

Samanlagt gjenstandspremiering i Klasse 3-5/EJ, samt klassevis gjenstandspremie i klasssar med meir enn 5 deltakarar på alle 3 stemnene.

Veibeskrivelse

Ta av frå Fv 55 på vestsida av Nessedalselva.  Skilting blir sett opp.

Frå Dragsvik mot Høyanger 35 km og frå Høyanger 18 km,  
Kjøyretid: ca 25 min til Balestrand SKL si bane (Balestrand) og ca 1 time til Fjordane si bane (Vetlefjorden)

Diverse

Nesse Skyttarlag har VIPPS.
Vippsnummmer
136698
Antall påmeldte
Klasse Påmeldte
Kommende arrangementer
Dato Arrangement
2 - lørdag 4. mars 2023 Sogn Ytre Samlagsstemne 15m 2023 Inne
22. mars 2023 Lagsstemne Miniatyr 15 m Inne
1. mai 2023 Lagsstemne Felt Felt