Gula skytterlag ynskjer velkommen til 3. og siste runde i Pangstart 2016/17.
Det blir skyting, kiosk, sosialt samvær/spel og til sist premieutdeling.
Håpar flest mogeleg har høve til å vere med heile kvelden slik at vi får ei skikkelig avslutning. Velkommen!
Baneinformasjon
Vi møtast på innandørs bana til Gula, i kjellaren på ungdomshuset Vårtun
Skyteprogram
Alle skyt 25 skot.
Dei to beste av tre stemner tel. Ved jamstilling tek vi inn det 3. stemnet. Om det endå er likt er det innertreff på alle tre stemna som tel.
Veibeskrivelse
Vårtun ligg i Midtun vågen, ta til høgre etter brua når de har passert skulen. Hald til høgre i neste kryss, så ser de huset.
Diverse
Om nokon ikkje har høve å stille 13.01.17 kan ein ta kontakt og skyte saman med arrangør som hovedsaklig vil skyte på førehand for å frigjere plass.