Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Det frivillige Skyttervesen
Forsvar, sport og god våpenkultur

Trening uten gevær!

Frøydis forteller denne uka hvordan du kan bli en bedre skytter uten å skyte!

Av Frøydis Indergård, #dfsungdom

Av forskjellige grunner kan det være periodar der ein ikkje har mogligheit til å dra på skytetrening. Om ein likevel har lyst til å betre eller halde ved like skyteformen, er det mange andre måtar ein kan trene på.

Utholdenhet

Dei fleste har nok opplevd å få puls under skyting som har vore med på å gjere ein tier til ein nier. Ved å trene utholdenhet vil ein senke kvilepulsen. Om du får puls i for eksempel stillingsskifte, vil ikkje pulsslaga utgjere like mykje rørsle i geværet.

God utholdenhet betrar konsentrasjonen, slik at du blir skjerpa og fokusert under heile skyteøkta.

Det er mange måtar å trene utholdenhet på, og det er viktig at du finn ein aktivitet du likar. Det kan vere løping, sykling, (rulle)ski, fjelltur, fotball, handball eller anna idrett. Varier lengde og tempo etter kva du føler, men det viktigaste er at der er gøy. På eit meir seriøst nivå bør ein følgje ei langsiktig plan, der ein strategisk variere intensiteten på økta.

Utholdenhet i DFSs øktarkiv

 

Mentalt og visualisering

Mental trening går ut på å tørre å tenke at du er god nok til å få til kva som helst. Vær tøff med deg sjølv, blokker negative tankar og moment som forstyrrar frå utsida. Det skal gi deg motivasjon og sjølvtillit.

Når du visualiserar skal du sjå for det alt som skjer under ein hending, for eksempel alt som skjer på standplass under eit stevne. Gå igjennom alle prosedyrar i hovudet ditt, heilt frå du går inn på standplass, til du har lagt deg ned i stilling. Sjå for deg den perfekte stillinga, det perfekte avtrekket, det perfekte skotet, den perfekte serien. Etter å ha gjennomgått eit feilfritt stevne i hovudet ditt, stiller du meir forberedt til den gongen du faktisk skal skyte, og det vil ikkje lenger verke framand og ”farlig” om du skyt godt.

Eg anbefaler boka ”Bli best med Mental trening” av Erik Bertrand Larssen. I denne boka får ein ei innføring i dei forskjellige sidene med mental trening, eksemplar frå verkelegheita og tips til korleis ein kan trene sjølv.

Visualisering i DFSs øktarkiv

Tørrtrening

Tørrtrening utgjer ein stor del av grunnlaget for ein god skyttar. Det er like viktig å tørrtrene regelmessig, som det er å skyte skarpt på trening.
Tørrtreninga må varierast ved å prioritere forskjellige oppgåver frå gang til gang. Det kan være:

  • Pust/sikting/avtrekk
  • Kun avtrekk
  • Kontrollpunktøkt
  • Hurtigheitstrening
  • Terpe stillingar


Tørrtrening i DFSs øktarkiv


For tips til tørrtreningsøkter, kan du også sjekke ut denne skiskytterbloggen: http://torrtrening.blogspot.no/

 

Styrke- og balansetrening

Ved å trene både styrke og balanse vil kroppen bli meir stabil i stillingane. Det er spesielt viktig for kneståande og ståande. Ei god og stabil skytestilling er avgjerande for at skytinga skal vere mest mogleg behagelig.

Det er laga balansebrett, plankar og puter egna for slik trening, men ei sofapute fungere like godt. Den enklaste treninga er å stå på ein fot, og bevege kroppen i forskjellige retningar utan å falle. Då trenar ein opp samspelet mellom dei små muskelfibrane og nervecellene som hjelpe oss med å holde balansen. Ein kan òg kombinere klikktrening og balansetrening på brett (ståande).

 

Lag ein plan

Mål og delmål vil hjelpe deg med å halde motivasjonen oppe gjennom heile sesongen. Planlegg korleis du vil leggje opp treningane dine for å nå måla.