Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Det frivillige Skyttervesen
Forsvar, sport og god våpenkultur

Frøydis om Eldre junior

Frøydis blir Eldre junior i 2017. Hva synes hun om det?

Av Frøydis Indergård, #dfsungdom


 

Norges Skytterstyre vedtok under Skyttertinget 29. juli å innføre Eldre Junior. Dette er ein ny klasse på 100 meter for dei som er 18 år. Eldre Junior skal sannsynligvis skyte seniorprogram på 100 meter og grovfelt (dette blir avgjort av Norges Skytterstyre 19.9.17). Skyteklassen vart innført på bakgrunn av fråfallet av skyttarar i overgangen frå Junior til Senior. DFS håpar no å få ein lettare overgang til seniorprogram på 200m, slik at fleire ungdomsskyttarar får utvikla seg i sitt eige tempo og får føle mestring.

Som sisteårs junior står eg, og kanskje du som les dette, ovanfor valet mellom Eldre Junior eller å gå direkte til senior på 200 meter. Sjølv ser eg ser mange fordelar med å skyte i Eldre Junior. Å gå frå ungdomsklassane på 100 meter til seniorprogram, med ny avstand, stilling og nytt program, kan verke skremmande for mange. No kjem alle dei nye tinga trinnvis. Det er fint at vi får muligheita til å lære å skyte ståande i trygge omgjevnader. Vi får trene og konkurrere med skyttarar som er like gamle, kontra med skyttarar som har trena og skutt som Senior i fleire år. Vi får også muligheita til å bruke rekruttammunisjon eit år til (Det fungere sjølvsagt med rek. ammo på 200m og, men med litt dårlegare presisjon).

Og når ein tek utgangspunkt i resultata som Eldre Junior, vil ein lettare bli plassert i ”riktig” Seniorklasse etter nivået sitt neste sesong, der ein kan matche konkurrentane sine.

(Saken fortsetter under bildet.)

Kritikarar til klassa meiner det er andre grunnar til fråfallet mellom Junior og Senior, som studiar og flytting, og det stemmer sjølvsagt i mange tilfelle. Men så lenge Eldre Junior hindrar nokre få skyttarar frå å slutte, som følge av f.eks skuddretthet, mangel på motivasjon og mestring, så har vel målet med klassa blitt nådd. Det er òg blitt stilt spørsmål til kapasiteten til 100-metersbanane, men det må ein sjå an etter kvart. På dei fleste banane vil ikkje nokre ekstra skyttarar utgjere stor forskjell på stevna.

Er du sisteårs Junior slik som meg, og lurer på om du burde velje Eldre Junior eller Senior, kan det vere lurt å snakke med andre Juniorar og nokon som nettopp er blitt senior. Husk at alle har ulikt grunnlag. Nokon taklar kanskje ståandeskyting med ein gong, mens andre treng litt lenger tid. Føler du deg klar for 200m med ein gong, så kjør på! Til slutt er det du som skal ta valet, så du må finne ut kva som er best for DEG. Er du midt i mellom, skal du vite at som EJ har du muligheita til å veksle mellom EJ og Senior i klasse 4 frå stevne til stevne.

Lykke til med valet!

 

Edit: De endelige reglene for Eldre junior skal bestemmes av Norges Skytterstyre 19.9.2017