Frøydis skal i tiden fremover skrive for #dfsungdom. Her deler hun sin tanker om Landsskytterstevnet. Les!
av Frøydis Indergård, #dfsungdom.
Landsskytterstevnet 2016 er over for denne gong. For min del er dette det andre Landsskytterstevnet eg deltek på, men det blir absolutt ikkje mitt siste. LS-veka er høgdepunktet på slutten av ein lang sesong; det er ein arena for gleder, skuffelsar og nye minner.
Mitt navn er Frøydis Indergård. Eg skyt i klasse Junior for Reinsfjell Skytterlag. Dette er fjerde året eg driv med skyting, og eg har konkurrert i tre av dei. Eg kom seint inn i skytesporten, og visste veldig lite om den. Det var først da eg byrja å delta på lokale stevner for snart tre år sidan at eg forstod kor stor denne sporten er.
|
Frøydis skyter i klasse junior for Reinsfjell skytterlag. |
Da vi reiste til Lesja i fjor for å delta på LS, valgte vi å bu på campen med resten av samlaget. Sidan eg nesten ikkje hadde konkurrert på store stevner utanfor fylket, var det mykje som var nytt og ukjent. Da var det trygt å vere saman med dei eg kjente.
På fjorårets LS var det mange skuffelsar og tårer, med våpentrøbbel og resultat som ikkje vart som forventa. Men det blei fort gløymd, da eg kom ned på campen om kvelden og kunne vere saman med venner og berre ha det gøy. Eg ble kjent med nye skyttarar frå fleire deler av landet, og gleda med å drive denne idretten blei berre større.
Derfor gleda eg meg ekstra til årets Landsskytterstevne i Målselv. Eg var meir forberedt på rutinane rundt skytinga, eg var blitt ein betre skyttar, og eg kom til å treffe mange eg ikkje har sett på eit heilt år, i tillegg til nye skyttere. Gjensynsgleda er noko av det beste på LS. Vi møtast på kveldane, spelar kort og badminton, badar, syklar og snakkar om alt som har skjedd sidan sist.
Ingenting slår idrettsgleda på arenaen. Sjølv om mitt eige resultat på bane ikkje stod til forventningane, blei det fort gløymd etter at eg fekk vite at klubbvenninna mi hadde skote 249 i kl. J, og var finaleklar. Da ho tre dagar seinare skulle skyte finale, var eg nok meir nervøs på hennas vegne enn om eg skulle skote finalen sjølv. Eg håpte ho skulle gjere det bra, for ingenting er betre enn å sjå andre lykkast, sjølv om vi er konkurrentar! Og slik er det alltid. Alle eg kjenner som driv med skyting er villig til å hjelpe andre for å gjere dei til ein betre skyttar. Vi motiverer kvarandre og vi gleder oss på andre sine vegne når dei gjer det bra. Og om det ikkje går bra, støttar og løfter vi dei opp igjen.
|
Her skyter Frøydis sammen med lagvenninna som klinte til med 249 på LS. |
Når eg ser Konge- og Prinsesselaget, Stang- og felthurtigfinalane og andre finalar blir eg motivert til å trene enda meir til neste år, slik at eg kan nå enda lenger. Eg gløymer ikkje fjorårets stangfinale, da Thomas Høgåsseter øydela reima si. Det tok ikkje lang tid før Kim-André Lund var på plass med ny reim. Og seinare i felthurtigfinalen måtte Roy Håkstad skyte dei siste finalane med lånt våpen. Når vi har slike fantastiske, jordnære og inspirerande personar i norgestoppen, er det ikkje rart at nivået i alle klasser på LS hevast for kvart år som går.
|
Skyttere som hjelper hverandre er med på å gjøre skyttersporten unik, mener Frøydis. Foto: Norsk Skyttertidende. |
Alltid når ein vinnar blir kåra, er det nokon som blir utrulig glad og nokon som blir skuffa. Men slik er det å drive med ein sport med så utruleg små marginar. Bare éin kan vinne i kvar grein pr. klasse, men det stoppe ikkje fleire tusen skyttarar frå å delta på LS likevel. Det betyr at Landsskytterstevnet er så veldig mykje meir enn ei resultatliste. Det er ein fest frå morgon til kveld, for unge og gamle skyttarar. Det er skyting, gleder, skuffelsar, nye «persar», (nye) vennskap, motivasjon til neste sesong, skiftande vær og berre gode minner.
Landsskytterstevnet betyr veldig mykje for meg, og eg veit det betyr veldig mykje for andre óg. LS-veka er desidert den beste veka i heile året!