Solund skyttarlag ber med dette inn til samlagsstemne 15m for Sunnfjord skyttarsamlag, 2025.
Baneinformasjon
Skytinga vil gå vøre seg på Solund skyttarlag si innandørsbane. Denne ligg i underetasjen på Hardbakke barneskule.
Det vert livevisning for publikum og matservering frå kiosk i "myldrerommet" som ligg i etasjen over i same bygg som sjølve skytebana.
Skyteprogram
Ein skyt standard DFS utandørs program, 35 skot, med prøveskot berre før første serien.
Innskot, samlagstemner:
Nybyrjar Ung, skytterklasse 1 og 2, Jegerklasse, Åpen klasse: 80,-
R/ER/J/EJ: 140,-
klasse 1-5, veteranar, kikkertklasse: 220,-
Av di dei fleste utanom arrangøren har lang reiseveg til arrangementet er det ikkje lagt opp til avsluttande finalar, men rangering direkte på innleiande 35-skot.
Lagskyting
Av same grunn som at det ikkje er sett opp eigne finaleskytingar er det heller ikkje lagt opp til eigne lagskytingar.
Her vil 10-skoten for deltakarane sitt resultat på samlagstemnet gjelde direkte, med rangering etter tiarregelen.
Lagskyting består av 3 skyttarar:
1 skyttar frå kl: Skytterklasse 1, R, ER, V65, V75 eller klasse 1.
1 skyttar frå kl: Skytterklasse 2, J, V55 eller klasse 2.
1 skyttar frå kl: EJ, Klasse 3, 4 eller 5.
Innskot per lag: 100,-
Pengepremiering til dei tre beste laga.
Fordeling: 1.plass 3/6 2.plass 2/6 3.plass 1/6
i tillegg kjem napp i vandrepokal på lagskyting 15m til beste lag.
Skyttarlaga kan melde på så mange lag dei sjølv ynskjer forutsett at ein har deltakarar nok i dei ulike klassane. Merk då at laget må vere påmeldt med namn på samtlege 3 skyttarar før den første av skyttarane på laget skyt for at det skal vere teljande i konkurransen. Den enkelte skyttar kan berre delta på eitt lag.
Veibeskrivelse
Følg fylkesveg 606 frå Krakhella til Hardbakke.
Ein passerer solund kyrkje og byggeområdet for ny Solund skule på høgre sida av fylkesvegen idet ein kjem til hardbakke. følg fylkesvegen vidare eit par hundre meter for å kome til barneskulen, ein tek til høgre frå fylkesvegen og inn på parkeringa til idrettshallen.
Om der er fullt på parkering ved idrettshallen ligg der ei større grusparkering på andre sida av fylkesvegen for skuleplassen.
ferjeruter
Diverse
Det er sett opp nokre arrangørlag fredag kveld, desse er stengt for påmelding via nett.
Om nokon er forhindra frå å delta laurdag/sundag er det råd å ta kontakt med Solund per e-post eller telefon for å avtale plass saman med arrangørane.
Kom i hug at dersom ein skal delta i lagskyting må dette vere meldt inn før første skyttaren på laget skyt. Så om du av ein eller annan grunn skal skyte saman med arrangøren koordiner gjerne med eige skyttarlag på førehand slik at dei får meldt på eventuelt lag til lagskyting samstundes.
Om nokon av dei tilreisande tenkjer å ta dette som ein "weekend" finnes det meir informasjon om mat- og overnattingstilbod på kommunen sine nettsider, sjå link under