VELKOMMEN TIL TRIPPEL PINSESTEMNE I SUNNFJORD, FREDAG 26. OG LAURDAG 27. MAI
Første pinsedag er det som kjent helgefred for all skyting i regi av DFS, men vi inviterer til trippelstemne på fredag og laurdag.
Baneinformasjon
Det er 30 – 63 km avstand mellom dei tre banene til Florø, Førde og Gaular, sjå kart og meir informasjon på FB-Frydenbøcupen. Du rekk fint tre stemne i løpet av laurdagen, men for å unngå tidspress er det best å ta eit stemne på fredag og dei to andre på laurdag.
Skyteprogram
Skyteprogram:
- DFS 35 skot utandørs på 100 og 200 m bane, med fortløpande omgang.
- Felthurtig for dei som ønsker det (Påmelding ved frammøte på banene.)
Skytetider:
- Fredag 26. mai frå kl 17.00 til kl 20.00 (reservelag kl 20.45)
- Laurdag 27. mai frå kl 10.00 til kl 16.45 (reservelag kl 09.15 og kl 17.30)
Arrangørlaga kan skyte på kveldstid torsdag i Gaular. (Ta kontakt for påmeld.)
Reservelaga er merka med reservert arrangør og vert opna ved behov.
Det er også lagt inn ei teknisk pause laurdag kl 13.00.
Deltakarkostnad, innskot:
Nybegynner ung: kr 90,- Deltakarpremiar til alle.
Nybegynner vaksne: kr 90,- derav 45,- til premiar
Rekruttklassane, junior og eldre junior: kr 90,- derav 45,- til premiar
Alle andre vaksne og veteranar: kr 160,- derav 80,- til premiar
Felthurtig, per øving: kr 50,- Gåvepremiar til vinnarar.
Pengepremiar per stemne blir fordelt etter reglane i Skyteboka.
I tillegg kjem samanlagt premiering klassevis, og trekking av ein premie blant dei som deltek på alle tre stemna.
Veibeskrivelse
Ta av E39 ved Circle K på Sande i Sunnfjord, ta 2. avkjøring i rundkjøringa mot industriområdet ved Nistad Transport, følg deretter Skyttarvegen til adresse
Skyttarvegen 73 - Det vil bli skilta ved rundkjøringa
Hjarteleg Velkommen !