Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Det frivillige Skyttervesen
Forsvar, sport og god våpenkultur

Vintertreffen 2026 - Fjordane

Nøkkelpunkter

Dato 9 - søndag 11. januar 2026
Arrangør Fjordane Skyttarlag
Kart kart
Live show http://results.megalink.no/
Kontaktperson Svein Bjarnar Nesse
E-post sbnesse@online.no
Telefon 91133048
Kontaktinformasjon:

Alternativ kontakttelefon 91332718.

Påmeldingsfrist:

15.12 (kl. 21.00) - t.o.m 06.01.2026



Til påmelding

Nesse, Balestrand og Fjordane skyttarlag ynskjer velkomen til Vintertreffen 2026. Her kan ein få testa skyteforma rett før innandørs LS. Som tidlegare år vert det fortløpande laga samanlagtlister. Desse vert å finna på Nesse skyttarlag sine heimesider nesseskytterlag.com.

Pengepremiering og medaljer på kvart stemne. I tillegg får samanlagtvinnarane i alle ungdomsklassane, samt andre klassar med meir enn 5 deltakarar over alle 3 stemnene, lokalprodusert gjentandspremie. Eigen større gjenstandspremie til samanlagtvinnar 3-5/EJ. Samanlagtvinnar 3-5/EJ vinn berre ein gjenstandspremie.

Me opnar opp for førehandspåmelding frå skyttarlag som har 5, eller fleire skyttarar som ynskjer å skyta samla. Dette er i hovudsak tiltenkt ungdomsskyttarar som nyttar same lagsvåpen etc. Arrangørane set opp førehandspåmeldinga før den ordinære påmeldinga tek til. Epost med skyttarnummer og ønska skytetider vert å senda på epost til fjordane@skytterlag.no innan 14.desember.

Arrangørlaga skyt i forkant av stemna, med begrensa plass for andre. Ta kontakt for eventuell avtale. I tillegg påmelding på ledige skiver på stemnedagane.

Baneinformasjon

Skytebana til Fjordane ligg i kjellaren i Vetlefjorden Grendahus. 5 skiver frå Megalink.

Sekretariat, livevisning og resultatservice i romsleg forsamlingslokale i 1.etg.

Skyteprogram

Det skal skytast 35-skot meisterskapsprogram, med fortløpande 10-skot finaleomgang. Klasse NU, SK1, SK2 og Jeger skyt ikkje omgang.

Innskot 
Klasse 1-5, Veteran, Kikkert, Jeger: kr 160,- (kr 80,- i arrangøravgift)
NU, R, ER, J, EJ, SK1, SK2, Åpen: kr 80,- (kr 40,- i arrangøravgift)
 
Premiering på kvart stemne:
Innleiande skyting 25 skot: 
Pengepremiering i høve til skytterboka i alle klassar, med unntak av gjenstandspremie i klasse NU.
35 skot
Medaljer etter dette oppsettet:
Klasse 3-5/EJ: 2 medaljer
Klasse R, ER, J og EJ: 1 medalje. Ved meir enn 5 deltakarar - 2 medaljer. Ved meir enn 15 deltakarar - 3 medaljer
Øvrige meisterskapsklassar: 1 medalje vd meir enn 5 deltakarar.

Samanlagt gjenstandspremiering i Klasse 3-5/EJ, og ungdomsklassane, samt klassevis gjenstandspremie i andre klassar med meir enn 5 deltakarar på alle 3 stemnene.

Veibeskrivelse

Køyr i retning Gaularfjellet i rundkøyringa ved Dragsvik ferjekai, omlag 17 km. Avkøyring frå Fv613 til Vetlefjorden Grendahus i Vetlefjorddalen vert skilta. 

Køyretid
Vetlefjorden - Balestrand: 25min
Vetlefjorden - Nessane: 60min

Diverse

Kioskservering med varm og kald mat.

Me tek imot både Vipps og bankkort.

Antall påmeldte
Klasse Påmeldte