Nesse, Balestrand og Fjordane skyttarlag ynskjer velkomen til Vintertreffen 2025. Som tidlegare år vert det fortløpande laga samanlagtlister. Desse vert å finna på Nesse skyttarlag sine heimesider nesseskytterlag.com.
Pengepremiering og medaljer på kvart stemne. I tillegg får samanlagtvinnarane i alle ungdomsklassane, samt andre klassar med meir enn 5 deltakarar over alle 3 stemnene, lokalprodusert gjentandspremie. Eigen større gjenstandspremie til samanlagtvinnar 3-5/EJ. Samanlagtvinnar 3-5/EJ vinn berre ein gjenstandspremie.
Me opnar opp for førehandspåmelding frå skyttarlag som har 5, eller fleire skyttarar som ynskjer å skyta samla. Dette er i hovudsak tiltenkt ungdomsskyttarar som nyttar same lagsvåpen etc. Arrangørane set opp førehandspåmeldinga før den ordinære påmeldinga tek til. Epost med skyttarnummer og ønska skytetider vert å senda på epost til fjordane@skytterlag.no innan 8.desember.
Arrangørlaga skyt i forkant av stemna, med begrensa plass for andre. Ta kontakt for eventuell avtale. I tillegg påmelding på ledige skiver på stemnedagane.
Baneinformasjon
Skytebana til Fjordane ligg i kjellaren i Vetlefjorden Grendahus. 5 skiver frå Megalink.
Sekretariat, livevisning og resultatservice i romsleg forsamlingslokale i 1.etg.
Skyteprogram
Det skal skytast 35-skot meisterskapsprogram, med fortløpande 10-skot finaleomgang. Klasse NU, SK1, SK2 og Jeger skyt ikkje finale.
Innskot
Klasse 1-5, Veteran, Kikkert, Jeger: kr 160,- (kr 80,- i arrangøravgift)
NU, R, ER, J, EJ, SK1, SK2, Åpen: kr 80,- (kr 40,- i arrangøravgift)
Premiering på kvart stemne:
Innleiande skyting 25 skot:
Pengepremiering i høve til skytterboka i alle klassar, med unntak av gjenstandspremie i klasse NU.
35 skot:
Medaljer etter dette oppsettet:
Klasse 3-5/EJ: 2 medaljer
Klasse R, ER, J og EJ: 1 medalje. Ved meir enn 5 deltakarar - 2 medaljer. Ved meir enn 15 deltakarar - 3 medaljer
Øvrige meisterskapsklassar: 1 medalje med meir enn 5 deltakarar.
Samanlagt gjenstandspremiering i Klasse 3-5/EJ, og ungdomsklassane, samt klassevis gjenstandspremie i andre klassar med meir enn 5 deltakarar på alle 3 stemnene.
Veibeskrivelse
Køyr i retning Gaularfjellet i rundkøyringa ved Dragsvik ferjekai, omlag 17 km. Avkøyring frå Fv613 til Vetlefjorden Grendahus i Vetlefjorddalen vert skilta.
Køyretid
Vetlefjorden - Balestrand: 25min
Vetlefjorden - Nessane: 60min
Diverse
Kioskservering med varm og kald mat.
Me tek imot både Vipps og bankkort.