Nesse, Balestrand og Fjordane skyttarlag ynskjer velkomen
til Vintertreffen 2023. Etter 2 år med avlyste stemner ser me no fram til å få
avvikla den tradisjonsrike trippelstemna vår. Nytt av året er at Balestrand er
komen inn som arrangør, og stemna er med det blitt noko meir kompakt. Som
tidlegare år vert det fortløpande laga samanlagtlister. Desse vert å finna på
Nesse skyttarlag sine heimesider nesseskytterlag.com. Pengepremiering og medaljer på kvart stemne. I tillegg lokalprodusert gjenstandspremie til samanlagtvinnar Klasse 3-5/EJ, og i kvar klasse med meir enn 5 deltakarar over alle 3 stemnene. Arrangørlaga skyt i forkant av stemna, med begrensa plass for andre. Ta kontakt for eventuell avtale. I tillegg påmelding på ledige plassar på stemnedagane.
Baneinformasjon
Skytebana til Fjordane ligg i kjellaren i Vetlefjorden Grendahus. 5 stk. skiver frå Megalink.
Sekreteriat, livevisning og resultatservice i romsleg forsamlingslokale i 1.etg.
Skyteprogram
Det skal skytast 35-skot utendørs program, med fortløpande finale. Klasse NU, NV, Kl 1 og Kikkertklassen skyt ikkje finale.
Innskot
Klasse 1-5, Veteran og Kikkert: kr 160,- (kr 80,- i arrangøravgift)
NU, R, ER, J, EJ og NV: kr 80,- (kr 40,- i arrangøravgift)
Premiering på kvart stemne:
Innleiande skyting:
Pengepremiering i høve til skytterboka i alle klassar, med unntak av gjenstandpremie i klasse NU.
35 skot:
Medaljer etter dette oppsettet:
Klasse 3-5: 2 medaljer
Klasse R, ER, J og EJ: 1 medalje. Ved meir enn 5 deltakarar - 2 medaljer. Ved meir enn 15 deltakarar - 3 medaljer
Øvrige klassar: 1 medalje med meir enn 5 deltakarar.
Samanlagt gjenstandspremiering i Klasse 3-5/EJ, samt klassevis gjenstandspremie i klasssar med meir enn 5 deltakarar på alle 3 stemnene.
Veibeskrivelse
Køyr i retning Gaularfjellet i rundkøyringa ved Dragsvik ferjekai, omlag 17 km. Avkøyring frå Fv613 til Vetlefjorden Grendahus i Vetlefjorddalen vert skilta.
Køyretid
Vetlefjorden - Balestrand: 25min
Vetlefjorden - Nessane: 60min
Diverse
Kioskservering med varm og kald mat.
Me tek imot både Vipps og kort.