Velkommen til samlagstemne i Skogsløp sprint! Dette vert eit annleis arrangement enn det ein normalt sett deltek på. Skyttarar i alle klassar vert utfordra til å vera med på stemna. I tillegg til individuell sprint, vert det også stafett i dame og herre/mix klasse. Her har samlaget sett opp eige regelverk, som gjer til at alle klassar, med unntak av NU, kan vera med.
Baneinformasjon
Stemna vert avvikla på Esebotn skytebane, og løypa går i skogsterreng og grusveg.
Skyteprogram
Det vert arrangert sprintøvelse for alle klassar. Rundene på løypa er omlag 500m, og det vert lagt opp til strafferunder. Ein strafferunde er i underkant av 100m. Alle klassane skyt på ringskive på 100m bane. Det er då mogeleg å delta med .22 kaliber i alle klassar, men ein kan nytta grovkaliber dersom ein ynskjer. Det er lagt opp til enkel påmelding, slik at arrangør kan setja opp laga for best å utnytte skivekapasitet. Seniorklassane skyt 6 skot liggande og 6 skot ståande. Alle andre klassar skyt 2 seriar med 6 skot liggande. For NU og R tel 8'ar og betre som treff. For alle andre finfeltklassar tel 9'ar og betre som treff. For Seniorklassane tel 9'ar og betre som treff på liggande, og 6'ar eller betre som treff på ståande. Løypelengde er 2 rundar for finfeltklassane. 3 rundar i løypa for Grovfeltklassane. Samlaget stiller med skogsløpmedaljer. Gjer merksam på at det i denne øvelsen er eigne klassar for jenter og gutar, og premiering i alle klassar. Arrangørlaget har elles pengepremiar til beste 1/3 i kvar klasse
Diverse
Det vert enkel kioskservering.
Det er dessverre ikkje mogeleg å dusje på skyteområdet.
Enkel påmelding fram til og med 18.august. Arrangør set etter dette opp lagoppsettet, og sender ut til deltakande lag. Det er mogeleg å melda på ledige plassar stemnedagen, men arrangøren prøver å få utnytta skivekapasiteten best mogeleg på førehand.