Velkommen til det fyrste samlagstemnet i skogsløp i Sogn Ytre skyttarsamlag! Dette vert eit annleis arrangement enn det ein normalt sett deltek på. Skyttarar i alle klassar vert utfordra til å vera med på stemna. Det er skogsløp sprint som står på programmet.
Baneinformasjon
Stemna vert avvikla på Esebotten skytebane, og løypa går i skogsterreng og grusveg.
Skyteprogram
Det vert arrangert sprintøvelse for alle klassar. Rundene på løypa er omlag 500m. og det vert lagt opp til strafferunder. Ein strafferunde er i underkant av 100m. Alle klassane skyt på ringskive på 100m bane. Det er då mogeleg å delta med .22 kaliber i alle klassar, men ein kan nytta grovkaliber dersom ein ynskjer. Det er lagt opp til enkel påmelding, slik at arrangør kan setja opp laga for best å utnytte skivekapasitet. Seniorklassane skyt 6 skot liggande og 6 skot ståande. Alle andre klassar skyt 2 seriar med 6 skot liggande. For ungdomsklassane og V65 og V73 tel 8 og betre som treff. For Seniorklassane tel 9 og betre som treff på liggande, og 6 eller betre som treff på ståande. Løypelengde er 2 rundar for ungdomsklassane, NV og V65, og V73. 3 rundar i løypa for Seniorklassane, Skytterklassen V55 og Kikkert. Samlaget stiller med skogsløpmedaljer. Gjer merksam på at det i denne øvelsen er eigne klassar for jenter og gutar, og premiering i alle klassar. Arrangørlaget stiller i tillegg med gjenstandspremiar.