Nesse, Balestrand og Fjordane skyttarlag ynskjer velkomen til den tradisjonsrike trippelstemna Vintertreffen 2025.
Som tidlegare år vert det fortløpande laga samanlagtlister. Desse vert å finna på Nesse skyttarlag sine heimesider www.nesseskytterlag.com.
Pengepremiering og medaljer på kvart stemne. I tillegg lokalprodusert gjenstandspremie til samanlagtvinnar Klasse 3-5/EJ, og i kvar klasse med meir enn 5 deltakarar over alle 3 stemnene. Samanlagtvinnar 3-5/EJ vinn berre ein gjenstandspremie.
Arrangørlaga skyt onsdag kveld på Nessane, med begrensa plass for andre, ta kontakt for eventuell avtale. I tillegg påmelding på ledige plassar på stemnedagane.
Baneinformasjon
Balestrand Skytterlag held til i kjellaren på Belehalli Idrettshall.
Vi har 6 elektroniske skiver frå megalink.
Sekreteriat, livevisning og resultatservice i romsleg forsamlingslokale.
Det er Kiosk sal
Skyteprogram
Det skal skytast Mesterskapsprogram 15 innandørs Alternativ 1, med fortløpande finale. Klasse NU, Sk1, Sk2 og Jeger skyt ikkje finale.
Innskot
Klasse 1-5, Veteran, Jeger og Kikkert: kr 160,- (kr 80,- i arrangøravgift)
NU, R, ER, J, EJ, Sk1, Sk2 og Åpen : kr 80,- (kr 40,- i arrangøravgift)
Premiering på kvart stemne:
Innleiande skyting 25 skot:
Pengepremiering etter skytterboka i alle klassar, med unntak av klasse NU som får gjenstandpremie.
Mesterskap 35 skot:
Klasse 3-5/EJ: 2 medaljer,
Klasse R, ER, J og EJ: 1 medalje. Ved meir enn 5 deltakarar - 2 medaljer. Ved meir enn 15 deltakarar - 3 medaljer
Øvrige klassar: 1 medalje ved meir enn 5 deltakarar.
Samanlagt gjenstandspremiering i Klasse 3-5/EJ, samt gjenstandspremie til øvrige klassevinnarar med meir enn 5 deltakarar på alle 3 stemnene.
Veibeskrivelse
FV 55 frå dragsvik. Følg FV55 igjennom 60 sona og igjennom tunellen, Ta første til venstre etter tunellen. Følg så skiltinga til Belehalli/ idrettshall
FV55 Frå Nesse. paser busshaldeplassane i 60 sona, ta so første til høgre (før tunellen.) og følg skiltinge mot Belehalli/ idrettshall.
Kjøyretid: ca 25-30 min til Nesse SKL si bane (Balestrand) og ca 25 min til Fjordane si bane (Vetlefjorden)
Diverse
Balestrand Skytterlag har både Vips og Bankterminal.