Leikanger
ynskjer velkommen til Leikanger skytebane og 3.runde i Norgescup.
Hafslo og
Skyttarlaga Balestrand, Nesse og
Fjordane er også arrangørar i denne runden, der dei siste 3 laga på 200m på
Leikanger søndag 31.august er avsett til seeda skyttarar. Desse 45 skyttarane
vert kontakta av skyttarkontoret.
Baneinformasjon
Det skal skytast 35-skots program med fortløpande omgang, for alle meisterskapsklassar.
Førehandspåmelding av minimum 8 skyttarar via utsendt excel-skjema frå skyttarkontoret, som skal returnerast til leikanger@skytterlag.no innan 10.august. Elles ordinær påmelding 12.-24.august.
Arrangerande lag av 3.runde føreheld seg retten til å skyta tidlegare i stemneveka.
Innskot NC klassane 3-5, V55, V65 og V75: kr 210,-
Innskot Kl. 1,2,KIK, HK416 og JEG: kr 160,-
Innskot Kl. Åpen, NU/R/ER/J/EJ og SK1/SK2: kr 80,-
Premiering etter Skyttarboka på 15 skot og 10 skot. Medaljer i høve til DFS si tilråding for NC stemner. Desse vert delt ut laurdag kveld på Villmarka i Leikanger. I tillegg NC medaljer samanlagt, som vert det ut etter siste seeda lag søndag 31.august.
Veibeskrivelse
Skytebana ligg på Eivaldgjerde ca 2 km frå Hermansverk sentrum.
Den har har 15 elektroniske skyteskiver på 200 meter og 10 elektroniske skyteskiver på 100 meter, begge med Kongsberg Mikroelektronikk. Skyteretninga er nord-nord-aust både for 200 meter og 100 meter bana.
10 optiscore miniatyrskiver i det nye skyttarhuset på Moene.
Det er skilta vei fra hovedveien Fv55 og frem til bana.
Diverse
Informasjon om overnatting, påmelding, resultater osv. vert fortløpande lagt ut på heimesida til 3.runde når denne er klar: https://dfs.no/nc-2025-runde-3
Laurdag kveld er alle skyttarar inviterte til Treffpunkt Leikanger, i Villmarka, berre 1km frå Leikanger skyttarstadion. Sjå innbydelse for meir informasjon.