Velkommen til Sogn for opning av banesesongen!
Aurland arrangerar i samarbeid med Knipenborg, Tønjum og Farnes den årlege Vårtreffen. 3 banestemner og 2 feltstemner alle stemna er innafor 1 time. Farnes til Aurland ca 1 time. Farnes til Knipenborg ca 15 min. Felten på laurdag er det ca 45 min frå Borgund (der Tønjum har felten) til naddvik der Knipenborg arrangerar feltstemna.
Baneinformasjon
Me skyt vanleg 35 skotsprogram på MegaLink skiver. Me har 16 skiver på 200m og 10 skiver på 100m. Ved påmelding vil de sjå at me held igjen ei skive på kvar av banene. Dette for å vera sikker på at dersom noko skulle skje med ei av skivene så har me litt å gå på. Så dersom alt flyt greit så har me 1 skive der skyttarane kan skyte på ledig plass i alle lag.
Skyteprogram
Me skyt vanleg 35 skotsprogram.
Veibeskrivelse
Dersom du kjem frå Bergen eller gjennom Lærdalstunnellen så tar du av i rundkøyiringa utanfor Lærdalstunnellen, retning Hol (FV 50). Følg vegen i ca 4 km til du ser skilt mot skytebane.
Frå hallingdal: følg FV 50 til du kjem til skilt om skytebane til venstre. Følg så denne vegen.
Kartlink sender deg rett på bana.