Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Vest Agder skyttersamlag
Stiftet 1882

Stevnetilbud i sommer

Info om stemnetilbodet utover sommaren nå som corona situasjonen ser ut til å bedra seg har samlagsstyret laga ein plan for stemne utover sommaren...

På styremøte i samlaget tysdag 29.06.21 blei det bestemt at banekarusellen gjennomføres med 5 stemne der 4 stk er tellande.

Stevna som går inn i karusellen er stemne hos Lindesnes, Sommarkveldsstemna hos Lyngdal og Mandal, stemne hos Heddeland & Breland og samlagsstemnet.

-Lindesnes har sitt stevne 13.07.21

-Lyngdal og Mandal 20. og 21.07.21

-Heddeland & Breland i begynnelsen av veke 30

-Samlagsstemnet 21.08.21

-Agderstemnet 22.08.21

Stemne hos Lindesnes og Heddeland & Breland var i utgangspunktet meint som interne stemner i Lindesnes kommune, men etter ynske frå samlaget blir dei to stemna åpna opp for skyttera frå Vest-Agder Skyttersamlag. Det blir ikkje pengepremiering på dei to stemna. Skyttera frå kommuner utenfor Lindesnes betaler kun arrangementsavgift til dei to laga. Samlaget sponser karusellmedaljar på dei to stemna.

Samlagsstemnet er tenkt å gå som eit heilt normalt samlagsstemne og Flikka er arrangør.

LDK bane går hos Imenes 10.-12.09.21

LKD 15 m går hos Søgne 24.-26.09. 21

Samlagsstemnet vårt på 15 m tar Mandal/Holum seg av og blir sansynlegvis i veke 39 som er i månadskifte september/oktobar. Samlagstyret har bestemt at det ikkje blir lagskyting her og at det blir arrangert med fortløpande omgang siden det blir eit stemne over to kveldar mitt i veka.

-Hugs å følga med på invitasjonar til stemna og påmeldingsfristar

-Hugs nå på å få arrangert heime LS.

 

God sommar alle saman og bruk banerifla flittig!

 

 

Med helsing
Audun Rossevatn

Samlagsleiar.