Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Vest Agder skyttersamlag
Stiftet 1882

Vårsamling 2015

Sommer og Banesesong er i startgropa og dermed er det klart for ny Ungdomssamling!

Årets første ungdomssamling vil vere tysdag 5. mai på skytebanen til Farsund. Samlinga startar klokka 17.30 og sluttar om lag kl 21.30 Samlinga er for rekrutter på reimnivå, eldre rekrutter, juniorer og nye seniorskyttarar. 

Nyopprykka seniorar er spesielt velkomne. 

Det vil bli ein praktisk skytedel og ein teoridel. Ein vil dele opp skyttarane i ulike grupper avhengig av ferdighet og kaliber. Samlagsinstruktør Bjørn Vidringstad blir med denne kvelden.

Deltakarane må sjølv ta med våpen og ammunisjon (100 skudd).

For at vi skal klare å lage eit best mogleg opplegg denne kvelde, samt vite kor mange som kjem er det nødvendig med påmelding.  Meld deg på til Siv Tone Rossevatn  tlf: 416 57 994 eller på e-post sitoross@gmail.com innan søndag 3/5-15. Oppgje klasse og evt matallergier ved påmelding.

Vi håper å sjå mange ungdommer denne kvelden!

 

Helsing
Siv Tone Rossevatn
Ungdomsleiar Vest-Agder skyttersamlag