Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Vest Agder skyttersamlag
Stiftet 1882

Høstsamling 2013

Også i år var det klart for den årlige høstsamlinga. I år var det 18 ungdommar som deltok. Laurdag starta med skyting på banen til Lyngdal Skytterlag.

Her vart ungdommen delt inn i grupper etter alder og ferdigheitsnivå. Ungdomsutvalet hadde henta instruktør hjelp frå tidlegare skyttarkonge Tor Harald Lund og tidlegare skyttardronning Mette Finnestad. Dei gjorde ein fantastisk jobb, der dei instruerte ein og ein skyttar omgonga. Dette gav deltakarane uttrykk for at var stas.

Etter nokon kalde timar på skytebanen var det klart for ein tur i Sørlandsbadet. Seinare på kvelden var det tid for taco, og den årlige skyttarkvissen.

Nytt i år var svar alternativ så moglegheiten for fullt hus var tilstades sjølv om enkelta av spørsmåla var vriene,  då hjalp det at fasiten med ein feiltagelse var komme med på eit par av spørsmåla. Det viste seg også at det er lurt å lese spørsmåla nøye før ein svarar samt å snu arket, det var nemlig 2 sider nok ikkje alle fekk med seg før det nesten var forseint.

Premien til vinnarlaget var applaus og moglegheit til å kalla seg kviss-vinnarar fram til neste år.

 

Søndagsføremiddag var det klart for meir instruksjon på skytebanen. Instuksjonen bygde vidare på det som var tema på lørdagen. I det kalde haustveret måtte vi legge inn ein lite pause slik at ein igjen fekk varmen i seg. Dette satte likevell ikkje ein stoppar for mykje god skyting, etter kvart som ti-arane viste seg på monitoren steig stemninga på standplass. Dette førte til at nokon «måtte skyte ein serie til» ett par gonger. Ekstra moro både for oss instruktørar og skyttaren var når det vart skutt 50 for første gong med reim.

Før vi slutta av samlinga var det også ein rask instruksjon i korleis ein sett 0-punkt på børsa og stiller høgdeskalaen, kunnskap som er spesielt nyttig i forbindelse med utandørsskyting. 

Ein stor tak til alle som var med å hjalp til, både foreldre, Lyngdal skytterlag og andre. Utan denne hjelpe hadde samlinga vore vanskelig å gjennomføre.