Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Vest Agder skyttersamlag
Stiftet 1882

Ungdomsstevnet 2012

Alle ungdomsstevneturene jeg har deltatt på har vært helt topp ! -Bli med du også

Tradisjonen tru så reiste ein god gjeng ungdom frå Vest-Agder skyttersamlag til Numedal for å delta på årets Ungdomsstevne.

Stemnet er det største stevnet for ungdom etter Landskytterstemnet tidligare i år gikk i Voss.

I år valte vi å reise opp på fredagen, slik at vi skulle få betre tid til den sosiale delen avturen og få litt betre tid. Også i år hadde vi 13 skyttarar med, nokon for første gong og andre har vært med før. For enkelte vart det og den siste turen på Ungdomsstevne som skyttar, då stemnet er for ungdom opp til 17 år. Etter ei natt med litt variabel søvn så var dei 13 skyttarane klare for første stemne på Rollag og Veggli. Resten av dagen gjekk det slag i slag, eller kanskje vi heller skal seie skudd i skudd. Med tanke på at det i løpet av laurdagen vart skutt 2 banestemnar, einfeltrundt og eit uvist antall gonger stang og felthurtig -då dei kunne prøva dei 2 sistnemnde øvingane så mange gonger dei orka!

Dette gjorde spesielt felthurtig banen populær då det sjølvsagt var om å gjere å slå kvarandre. På laurdagskvelden var det grilling og sosiale aktivitetar, og ungdommane fekk knytte nye og nærare vennskap. Søndagen gjekk med til stangskyting, finaleskyting og premieutdeling. Sistnemde er det unike med Ungdomsstevnet. Her får alle deltakarane premie, og premieborde hadde dermed ein verdi på rundt 130 000 kroner. Såpass må til når omlag 230 skyttarar skal fåkvar sin premie i tillegg til at vinnarane skal få medaljane sine.

Gjennom heile helga viste ungdommen frå Vest-Agder framragande skyting, noko som og vart lagt merke til av arrangørane. Om ein skal dra fram nokon resultat så må det vereat vi i år fekk 4 jenter i ulike finalar. Dette var Ida Marie Biktjørn, Karen Sodeland Øksendal og Hanne S. Vidringstad i rekruttfinalen. Og Alvilde Røiseland i den harde klassen eldre rekrutt. Alle presterte godt i sine finalar.

Elles så fekk vi og nokon gode resultat i stang og felthurtig. Her fekk Karen-Oline Jacobsen ein 1. plass blant dei som skaut felthurtig med finkaliber i klasse eldre rekrutt. Og Henry Th. Jenssen fekk 4. plass i stangskytinga i klasse junior!

Med utsagn i frå skyttarane om at helga har vært heilt PERFEKT så kan ein konkludere med at det i år og ha vært ein fin tur som garantert blir hugsa - og det blir nok heller ikkje siste turen heller!

Siv Tone Rossevatn
Medlem ungdomsutvalet