Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hornindal og Markane skyttarlag
I Nordfjord

Viktige hendingar

 
1880 Markane skyttarlag vart stifta 27. desember 1880
1881 Hornindal skyttarlag vart stifta
1921 Peder Øen nr. 3 på Landskyttarstemnet (LS) bane
1929 Olsokstemnet starta etter ei pengegåve frå norskamerikanaren Andrew B. Grodås, som var oppvaksen i Hornindal. Har vore det største åpne stemnet på Nordvestlandet i mange år. Meir historie om Olsokstemnet på eige menypunkt
 
1973 Peder Hatlelid feltmedalje på Landskyttarstemnet
1974 Skytebanen ferdig ombygd til 100 m og 300 m, med nye standplassar
1978 Skyttarhuset ferdig innreia
1979 Storflaum førte til store skader i skytehuset
1981 Meisterskapen på Olsokstemnet vert 40 skot, 25 skot+15 skot Olsokskyting 
1982 Hallvard Sindre (1889-1981) sin minnemedalje innført til dei 3 beste laga på Olsokskytinga 
1986 Arne Skrede nr. 2 i NM feltskyting på LS, og kåra som Årets idrettsnamn i Stryn kommue
1987 Den første bilbingoen vart arrangert, etterkvart laget si viktigaste inntekskjelde
1988 Laget kjøpte si første datamaskin for kr.16.240
1991 Andreas Solvik nr. 6 på Norgescupstemne baneskyting
1992 Inger Marie Svingeset første kvinne i styret
1996 Laget kjøpte 4 elektroniske skiver på 200 m
2002 Laget fullførte investeringar med elektroniske skiver, og har no 6 på 100 m og 10 på 200 m
2003 Markane arrangerte Norgescup baneskyting med 585 deltakarar 
2003 Jarle Tvinnereim valt inn i Norges Skytterstyre
2004 Jarle Tvinnereim feltmedalje på Landskyttarstemnet
2005 Skyttarlaget feira sitt 125-års jubileum den 25. juni på Sindre skytebane.
2005 Peder Hatlelid og Odd Øen utnemt til æresmedlemar
2005 Jarle Tvinnereim nr. 42 samanlagt i Norgescup baneskyting (sølvbeger)
2006 Samarbeidsavtale med Hornindal om bruk av skytebaner
2008 Jarle Tvinnereim banemedalje på Landskyttarstemnet 
2009 Jarle Tvinnereim valgt til visepresident i Det frivillige Skyttervesen
2010 Åpning av ny skytehall i Hornindal, med 8 skiver
2011 Jarle Tvinnereim ny generalsekretær i Det frivillige Skyttervesen
2012 Jarle Tvinnereim utnemnt til æresmedlem
2013 Andreas Solvik utnemnt til æresmedlem, den siste i Markane skyttarlag
2013 Samanslåing av Hornindal og Markane skyttarlag
2016 Nye støydempa standplassbygg ferdige, med 10 skiver på 100 meter og 12 på 200 meter
2017 Opning av nytt skytebaneanlegg 8. juli 2017
2019 Idar Nygård utnemnt til æresmedlem, og heidra av DFS
2020 Paul Hatledal utnemnt til æresmedlem