Før konstituerande årsmøte for Hornindal og Markane skyttarlag vart Andreas Solvik tildelt æresmedlemskap i Markane skyttarlag.
I grunngjevinga vart det mellom anna trekt fram at Andreas Solvik har lagt ned eit stort og oppofrande arbeid for Markane skyttarlag, med 30år som styremedlem, derav fire år som formann og 3år som kasserar. Vidare vart det peika på at Andreas heile tida har vore aktiv skyttar og samtidig lant ned eit stort dugnadsarbeid på skytebana. Han har fungert som bindeleddet mellom den eldre generasjonen og dei som er aktive i dag. Vore inspirator for skyttarlagsarbeidet dei siste ti åra og har vore drivkrafta bak samanslåinga med Hornindal skyttarlag.