Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Folgefonn skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Skyting om organisasjonsmedaljen med ekstraskyting onsdag 18. juni

Folgefonn skyttarlag inviterer til skyting om organisasjonsmedaljen onsdag 18. juni. I tilleg blir det ei ekstraskyting for alle på 200 m.

Velkomen til skyting om organisasjonsmedaljen hos Folgefonn skyttarlag!

I tillegg til det vanlige 30-skotsprogrammet er det ei ekstraskyting med fylgjande program: Klasse 3-5 skyt eit grunnlag på to minutt (som jubileumsskytinga på LS i år). Dei øvrige klassane skyt sitt grunnlagsprogram på tre min. All skyting foregår på 200 m. Ekstraskytinga blir premiert med heile innskotet til vinnaren av kvar klasse. Me skyt ekstraskytinga etter at skytinga om organisasjonsmedaljen er ferdig.

Organisasjonsmedaljen: 150,-

Ekstraskytinga:

- Vaksne: 50,-

- R, ER og J: 30,- (R må gjerne vere med og skyte på 200 m, men då helst med kal. 6,5:)

Håpar mange tek turen til Aga for å skyte om organisasjonsmedaljen og ei utfordrande ekstraskyting! (det er mogleg å berre skyte ein av delene:). Fyrste lag er kl. 18:15.

Påmelding på Mitt DFS tom tysdag 17. juni.