Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Folgefonn skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Miniatyrskyting kvar tysdag i vinter

Me held fram med skyting for dei i aldersgruppa 10-17 på tysdagane frå kl 18. Dei som skyt med støtte skyt fyrst, dei med reim til slutt.

Miniatyrskytinga på tysdagar frå kl 1800 vil halde fram nokre veker framover, til det er på tide å byrja å skyte ute. Dei som har vore med i vinter byrjar verkeleg å få dreisen på skytinga! Fleire av dei eldste vil begynne å skyte med reim. Sidan det tek litt tid å lære å skyte med reim, så legg me opp til at dei som skyt med støtte skyt fyrst (frå 1800 og utover), og dei som skal skyte med reim skyt til slutt. Då får me tid til å gi god rettleiing utan at det blir for mykje venting.