Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Folgefonn skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Feltstemne våren 2014

Det er fleire feltstemne dei neste vekene.

No på laurdag (22. mars) er det krinsstemne i felt på Grostøl (banen til Odda skyttarlag). Det ligg ute påmelding på dfs.no, men det er berre å møte opp sjølv om ein ikkje er påmeldt. Fyrste lag er kl 11.00.

Søndag 30. mars arrangerer Røldal skyttarlag samlagsstemne i miniatyr. Det er felles påmelding frå kvart lag, så dei som skal vere med må gi beskjed på e-post folgefonn@skytterlag.no eller tlf. til Steinar (41143862) innan torsdag 20. mars.

Søndag 6. april er det Hordastemne felt i Jondal. Kvar skyttar melder seg på sjølv på dfs.no, innan torsdag 20. mars. Viss du skal vere med, men ikkje veit korleis du melder deg på stemne på dfs.no, er det berre å ta kontakt med skyttarlaget.

Sjå elles vedlegga om samlagsstemnet og Hordastemnet.