Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hornindal og Markane skyttarlag
I Nordfjord

Toyotacup finale 2009

Ole Arild Aa frå Hyen vann bestemanns-premien på Toyota-cup finalen, med 345 poeng som er tangering av finalerekorden. Han fekk hard konkurranse av Ivar Fivelstad frå Sunnylven, som leia med eitt poeng før siste enkeltskot ståande. Ole Arild skaut ein tiar, Ivar avslutta med ein 8-ar og enda på 344 poeng. Sterk skyting av begge!

Det var mykje god skyting på finalen, og i dei aldersbestemte klassane skaut både Robin Andre Grinde frå Hovdebygda og Ørsta (rekrutt) og Ole Andreas Eide Ljøen frå Sunnylven (eldre rekrutt) fullt hus, 350 poeng.