Jarle Tvinnereim vann samlags-meisterskapen i felt i Hornindal. Med 30 treff på innleiande hadde han ei sikker leiing før finalen, og var til slutt to treff føre Bjarne Eriksen. Andreas Solvik og Kåre R. Haugen fekk to 5. plassar i sine respektive klassar. Ingen av dei yngre skyttarane i laget vårt deltok.